Stortingsval

Slik vert stortingsval gjennomført.

Oppdatert:

I september kvart fjerde år blir det valt representantar til Stortinget. Neste stortingsval er 8. september 2025.

Det er kvar enkelt kommune og fylkeskommune sitt ansvar å gjennomføre valet, medan Valdirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret.

Som veljar er det kommunen du først og fremst har kontakt med. Kommunen finn eigna vallokale der du kan stemme, og har på førehand sørgt for at valmedarbeidarane har fått opplæring, skaffa alt utstyr du ser i vallokalet, og etablert rutinar for korleis stemma di skal teljast og oppbevarast trygt gjennom heile valprosessen.

Stemmeperioden

Noreg har ei av verdas lengste stemmeperiodar. Det er mogleg å stemme i over to månader – frå tidlegstemminga startar 1. juli, gjennom førehandsstemming frå 11. august, og fram til valdagen 8. september. Litt over 100 kommunar pleier også å halde vallokala opne på søndag 7. september.

Ved tidlegstemming må du ta direkte kontakt med kommunen du vil stemme i, og avtale tidspunkt og stad for stemmegivinga. Dette er fordi tidlegstemming først og fremst er meint for veljarar som ikkje har høve til å stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden.

Førehandsstemminga startar 11. august, og frå då kan du finne eit vallokale nær deg på www.valglokaler.no. Siste frist for å førehandsstemme er 5. september.

Merk at det ikkje er mogleg å stemme laurdag 6. september. Er du student eller bur ein annan stad enn der du er folkeregistrert, må du hugse å førehandsstemme innan 5. september.

Valdagen er måndag 8. september. Kommunane kan sjølve velje å halde opne søndag 7. september. På valdagen(e) må du stemme i kommunen der du er folkeregistrert som busett.

Stemmegiving frå utlandet

Det er også mogleg å førehandsstemme frå utlandet. Frå og med 1. juli til og med 29. august kan veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet førehandsstemme på norske ambassadar og andre utanriksstasjonar, eller hos andre oppnemnde stemmemottakarar. Veljarar i utlandet som ikkje har høve til å oppsøkje ein stemmemottakar, kan brevstemme.

Stemmegiving heime eller på institusjon

Veljarar som er sjuke eller har nedsett funksjonsevne kan søkje om å stemme heime eller der dei oppheld seg. Ønskjer ein veljar å stemme heime, må ein søkje kommunen innan klokka 12.00 torsdag før valdagen – som i år er 4. september.

Bebuarar og pasientar på helse- og omsorgsinstitusjonar, eller innsette i fengsel, kan førehandsstemme der dei oppheld seg.

Kven har stemmerett?

I Noreg har vi allmenn stemmerett, men du må oppfylle visse krav. Du må vere norsk statsborgar, ha fylt 18 år innan utgangen av 2025, og vere registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg.

Oppfyller du desse krava, blir du ført opp i manntalet. På fagspråket kallar vi alle med stemmerett i Noreg for stemmeberettiga.

Manntalet – oversikta over alle med stemmerett

Alle som har stemmerett, blir oppført i manntalet. Det er manntalet kommunane slår opp i når du går for å stemme, og som sikrar at ingen kan stemme meir enn éin gong.

30. juni er ein viktig dato for manntalet. Då blir bustadsadressa til alle stemmeberettiga registrert, og lagt til grunn for valet. Melder du flytting etter 30. juni, vil du ha stemmerett i den kommunen du budde i på denne datoen – ikkje i den nye kommunen.

Dersom du får stemmerett i perioden mellom 30. juni og valdagen, til dømes ved å få norsk statsborgarskap, blir du oppført i manntalet der du er folkeregistrert som busett. Blir du 18 år i løpet av 2025, har vi allereie teke høgde for dette og ført deg opp i manntalet.

Det er Valdirektoratet som har ansvar for å utarbeide manntalet til kvart val. Direktoratet vidareformidlar manntalet til kommunane, som brukar det når du som veljar kjem for å stemme.

Krav om legitimasjon når du stemmer

For at dei som tek imot stemma di skal kunne finne deg i manntalet, må stemmemottakarane i kommunen vite kven du er. Det er krav om at veljarar må vise legitimasjon når dei stemmer. Dersom du gløymer legitimasjonen, er einaste moglegheit for å få stemt at stemmemottakaren kjenner deg. Gjer hen ikkje det, blir du beden om å hente legitimasjon.

Det finst tre allment godkjende former for legitimasjon som alle kommunar skal godta: pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort (også digitalt).

Kravet til legitimasjon er at ho inneheld namn, fødselsdato og bilete av ansiktet ditt. Stemmemottakaren må kunne kjenne deg att på biletet og vere trygg på at du er den du gir deg ut for å vere. I vurderinga si vil stemmemottakaren også leggje vekt på om legitimasjonen kan reknast som offisiell. Det betyr at stemmemottakaren kan godkjenne andre typar legitimasjon enn dei som er nemnde over, men det blir ei skjønnsmessig vurdering.

Det er ikkje krav om at legitimasjonen må vere gyldig. Også legitimasjon som har gått ut på dato kan brukast, så lenge ho oppfyller krava nemnde ovanfor.

Kommunane skal ha universelt utforma vallokale

Det er viktig for demokratiet at alle kan stemme, uavhengig av funksjonsevne. Vallokala som kommunane brukar til stemming skal vere universelt utforma. Det betyr at du som veljar, uansett føresetnader, skal kunne ta deg inn i lokalet og bevege deg rundt utan hjelp frå andre.

Kommunane må følgje likestillings- og diskrimineringslova, men det kan vere behov for unntak der stemminga må leggjast til lokale som ikkje er tilgjengelege utan hjelp. Dette må vere grunna særlege forhold – til dømes at det ikkje finst andre eigna lokale i kommunen, eller at det vil vere uforholdsmessig dyrt å finne eit universelt utforma lokale.

Omsynet til likeverd og valfridom for kvar enkelt veljar talar for å bruke lokale der veljarane i minst mogleg grad treng hjelp for å kome seg inn. Unntaksregelen skal praktiserast strengt, og terskelen for å bruke ho skal vere høg.

Rett til hjelper inne i avlukket

Veljarar som ikkje kan stemme åleine på grunn av funksjonsnedsetjing, har rett til å få hjelp av ein person dei sjølve peikar ut. Hjelparen kan vere ein valmedarbeidar eller andre personar som er til stades i vallokalet. Ein eventuell hjelpar har teieplikt dersom hen får kjennskap til kva veljaren stemmer, og dette skal ein valmedarbeidar gjere hjelparen merksam på.

Partia på stemmesetelen

For å kunne stille til val må alle parti eller grupper levere listeforslag til fylkeskommunane innan 31. mars kl. 12. Etter at fylkeskommunen har kontrollert listeforslaga mot ei rekkje krav, skal distriktsvalstyret ta stilling til dei – anten ved å godkjenne eller forkaste dei. Distriktsvalstyra har frist 2. juni til å ta stilling til listeforslaga.

Listeforslaga som blir godkjende, blir kalla vallister, og det er desse listene som dannar grunnlaget for stemmesetelane.

Ein listeforslag er ei rangert oversikt over kandidatar som stiller til val i valkrinsen for eit parti eller ei gruppe. Det er berre personar som står oppført på ei valliste som kan få plass på Stortinget.

Stemmeprosessen

I Noreg har vi hemmeleg val. Det betyr at det berre er du som skal vite kva du har stemt. Når du går for å stemme, skal du derfor få høve til å gjere valet ditt i enerom og utan innsyn.

Når du kjem til vallokalet, blir du møtt av ein valmedarbeidar som viser deg til valavlukket og sørgjer for at gardina bak deg blir trekt for.

Framfor deg finn du hyller med stemmesetlar for alle partia som stiller til val i valkrinsen. Dersom du ikkje ser partiet du ønskjer å stemme på, finst det også ein stemmesetel med alle dei registrerte politiske partia som ved førre val fekk ei viss oppslutning. Her kan du setje kryss ved det partiet du ønskjer å stemme på, eller skrive inn namnet på eit anna parti eller ei gruppe. Du kan også velje ein blank stemmesetel.

Vel stemmesetelen du ønskjer, og brett han med stempelfeltet ut. Det står også rettleiing på stemmesetelen som viser kva side som skal vere bretta inn.

Etter at du har valt stemmesetel, går du vidare til valurna. Der må du vise legitimasjon til valmedarbeidarane og vente til dei har funne deg i manntalet og kryssa deg av. Du får deretter beskjed om å leggje stemmesetelen på bordet. Valmedarbeidaren stemplar stemmesetelen og opnar urna. Legg så stemmesetelen i urna.

  1. Gå inn i valavlukket og trekk gardina bak deg.
  2. Vel stemmesetelen du ønskjer og brett han med stempelfeltet ut.
  3. Gå til bordet ved valurna og vis legitimasjon.
  4. Valmedarbeidaren stemplar stemmesetelen.
  5. Legg stemmesetelen i urna.

Unntak frå hovudregelen ved stemming

Det kan hende at veljarar må stemme på ein annan måte enn den ordinære prosessen som er skildra ovanfor. Slike situasjonar handlar som regel om at stemma må avgivast i konvolutt.

Årsaker til at ei stemme må avgivast i konvolutt er:

  • Veljaren førehandsstemmer i ein annan kommune enn der hen står i manntalet
  • Veljaren førehandsstemmer frå utlandet
  • Valmedarbeidaren finn ikkje personen i manntalet
  • Kommunen har valt å bruke manntal på papir på valdagen
  • Veljaren møter opp i ein annan krins enn der hen står i manntalet
  • Det har oppstått ein beredskapssituasjon som gjer at vallokalet har mista tilgang til det elektroniske manntalet 

Stemming i konvolutt skjer etter følgjande framgangsmåte:

  1. Gå inn i valavlukket og trekk gardina bak deg.
  2. Vel stemmesetelen du ønskjer, og brett han med stempelfeltet ut.
  3. Gå til bordet ved urna og vis legitimasjon.
  4. Valmedarbeidaren brukar legitimasjonen til å fylle ut eit informasjonskort – dette blir brukt seinare for å finne deg i manntalet og stadfeste stemmeretten din.
  5. Valmedarbeidaren stemplar stemmesetelen.
  6. Du får utdelt ein brun stemmesetelkonvolutt.
  7. Legg den bretta stemmesetelen i den brune konvolutten og lim igjen.
  8. Gje den brune konvolutten til valmedarbeidaren.
  9. Valmedarbeidaren legg konvolutten i ein omslagskonvolutt saman med informasjonskortet med opplysningane dine, og limer igjen.
  10. Du får omslagskonvolutten med stemmesetelen, og legg denne sjølv i urna.

Den stegvis opninga går ut på å:

  1. Opne den ytste omslagskonvolutten.
  2. Skilje informasjonskortet med veljarens opplysningar frå den brune stemmesetelkonvolutten med stemmesetelen, og leggje desse i kvar si bunke.
  3. Anna personell opnar deretter dei brune konvoluttane.
  4. At andre personar opnar dei brune konvoluttane er nødvendig dersom opninga skjer i same prosess (same stad og tid) som steg 1–2. Dersom det skjer seinare, til dømes etter at konvoluttar er samla inn gjennom stemmeperioden, er det ikkje nødvendig.
  5. Skilje stemmesetelen frå den brune konvolutten.
  6. Etter denne prosessen sit kommunen igjen med stemmesetlar som blir tekne med i oppteljinga.

Det er alltid nokon ansvarlege i vallokalet

Dersom noko skulle skje – som ordensforstyrringar i lokalet, tvil om legitimasjon, eller tvil om veljarens rett til assistanse ved stemming – er det ein leiar og ein nestleiar som har myndigheit og ansvar for å handtere situasjonen. Leiar og nestleiar har det overordna ansvaret for det som skjer i vallokalet så lenge det er ope for stemming.

På valdagen har leiaren i tillegg ansvar for å telje stemmene som er tekne imot i vallokalet, og for at det blir ført protokoll frå oppteljinga.

I utgangspunktet kan kven som helst arbeide som valmedarbeidar under gjennomføringa av valet. Det finst visse unntak for kandidatar som stiller til val i det aktuelle valkrinsen. Desse kandidatane kan ikkje utføre arbeidsoppgåver som valmedarbeidar i vallokala, og kan heller ikkje delta i oppteljinga av stemmer.

Utover dette er det få avgrensingar på kven som kan vere valmedarbeidarar – det er heller ikkje krav om alder eller at vedkomande bur i kommunen. Det kan likevel finnast lokale retningslinjer i den enkelte kommunen som legg visse avgrensingar.

Rollene som leiar og nestleiar i eit vallokale stiller særlege krav til personleg eignaheit, og inneber eit stort ansvar for at stemmegivinga i vallokalet til ei kvar tid skjer i rolege og ordna former, og at alle veljarar får ei god oppleving når dei avgir stemma si

Slik blir stemmene telte

Ved val i Noreg blir stemmesetlane telte fleire gonger, slik at vi kan vere sikre på at resultatet frå kvart vallokale, kvar kommune og kvart valkrins er korrekt. Ved stortingsval blir stemmesetlane telte tre gonger: to gonger av kommunane og éin gong av fylkeskommunen.

Kommunane tel alle stemmesetlar to gonger – éin gong ute i vallokala på valdagen, og éin gong sentralt i kommunen. I tillegg blir førehandsstemmer og konvoluttstemmer telte to gonger sentralt i kommunen. Den første oppteljinga skal alltid skje manuelt – det er ikkje lov å bruke tellemaskiner. Ved den andre oppteljinga kan kommunen velje å bruke maskinell teljing, men då må programvare frå Valdirektoratet nyttast. Kommunen kan likevel velje å telje heile eller delar av den andre oppteljinga manuelt.

Oppteljinga startar allereie søndagen før valdagen. I 2025 er det søndag 7. september. Då kan kommunane telje alle førehandsstemmer dei har fått – noko som gjer at dei kan bli ferdige med store delar av oppteljinga før vallokala stenger på valdagen.

På sjølve valdagen stemmer veljarane gjennom heile dagen, men det er først etter at vallokalet stenger at oppteljinga kan starte. I dei fleste tilfelle er dette kl. 21. Oppteljinga startar med at valmedarbeidarane først sorterer og klargjer stemmene, og deretter tel dei over talet på stemmer. Dersom nokre stemmer er mottatt i konvolutt, eller nokre stemmesetlar ikkje kan godkjennast, blir desse sende sentralt i kommunen og vurderte separat.

Klargjering til oppteljing skjer ved at minst to valmedarbeidarar:

  1. Tømmer innhaldet i urna.
  2. Sorterer innhaldet i stemmesetlar og eventuelle konvoluttar.
  3. Legg konvoluttane for seg.
  4. Sorterer stemmesetlane etter parti, blanke, og eventuelle setlar som ikkje kan godkjennast.
  5. Legg setlar som ikkje kan godkjennast for seg.
  6. Fordeler stemmesetlane per parti og blanke på bunker med eit visst tal, som kommunen har bestemt.

Sjølve oppteljinga skjer ved at minst to valmedarbeidarar:

  1. Kontrollerer bunkene frå punkt 4 ovanfor, for å sjå at talet på stemmesetlar i kvar bunke stemmer.
  2. Summerer bunkene per parti.
  3. Fører resultatet av summeringa inn i det elektroniske systemet.

I nokre særtilfelle er det ikkje nok personar i manntalet til det enkelte vallokalet (stemmekrinsen) til at stemmesetlane kan teljast for seg. Det må vere over 100 manntalsførte for at stemmene kan teljast i lokalet. Dersom det er under 100 manntalsførte, blir stemmene frakta sentralt i kommunen og telte to gonger der.

Det same gjeld ved førehandsstemming dersom det er motteke under 60 stemmer. Desse krava er med for å ivareta prinsippet om hemmeleg val.

Stemmer som ikkje kan godkjennast

Når vi snakkar om stemmer som ikkje kan godkjennast, handlar det hovudsakleg om to ulike forhold: stemmer avgitt i konvolutt og sjølve stemmesetlane. Det gjeld ulike krav til godkjenning i dei to tilfella.

Stemmer i konvolutt består av:

  • ei omslagskonvolutt
  • eit informasjonskort med opplysningar om veljaren
  • ei brun stemmesetelkonvolutt med sjølve stemmesetelen

For at ei slik stemme skal kunne godkjennast, må følgjande krav vere oppfylte:

  • Veljaren er manntalsført i kommunen
  • Det kan fastslåast kven veljaren er
  • Stemma er levert på ein stad der veljarar kan stemme
  • Det er ikkje sannsynleg at omslagskonvolutten har blitt opna
  • Veljaren har ikkje tidlegare fått godkjent ei stemmegiving
  • Stemmegivinga har kome fram til kommunen mellom 1. juli (utanriks) / 11. august (innanriks) og 9. september kl. 17

Alle krava må vere oppfylte for at ei stemme i konvolutt skal godkjennast. Dersom eitt av krava ikkje er oppfylt, skal stemma forkastast. Til dømes skal ei konvoluttstemme forkastast dersom veljaren har stemt tidlegare – noko som kan skje dersom veljaren først har stemt i konvolutt og deretter reist til heimkommunen og stemt der.

Kravet om at stemma må vere levert på ein stad der veljarar kan stemme, gjeld ikkje dersom veljaren førehandsstemmer utanriks ved å brevstemme.

Krav til godkjenning av sjølve stemmesetelen

Valmedarbeidarane skal før oppteljinga klargjere stemmesetlane for teljing. Under klargjeringa vurderer dei om kvar enkelt stemmesetel oppfyller krava til godkjenning. Krava er:

  • Stemmesetelen har offentleg stempel
  • Det går fram kva val stemmesetelen gjeld
  • Det går fram kva parti eller gruppe veljaren har stemt på
  • Partiet eller gruppa stiller liste i valkrinsen

Alle desse krava må vere oppfylte for at stemmesetelen skal godkjennast. Det er berre blanke stemmesetlar som ikkje må oppfylle alle krava, sidan det ikkje går fram av ein blank stemmesetel kva parti eller gruppe veljaren har stemt på.

Valoppgjer og utrekning av distriktsmandat

Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsmandat fordelt på dei 19 valkrinsane, og 19 utjamningsmandat – eitt per valkrins. Fylkeskommunen/distriktsvalstyret har ansvar for valoppgjeret. I valoppgjeret blir distriktsmandata frå valkrinsen kåra.

Før kvart stortingsval blir det bestemt kor mange mandat som skal veljast frå kvart valkrins. Dette blir utrekna ut frå areal og folketal, men kvart distrikt skal ha minst fire mandat, inkludert utjamningsmandat. Utrekninga blir gjort av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Antall mandater fra hvert valgdistrikt – stortingsvalget 2025: 

Valkrins

Antall mandat

Akershus  

20  

Aust-Agder  

4  

Buskerud  

8  

Finnmark Finnmàrku  

4  

Hedmark  

7  

Hordaland  

16  

Møre og Romsdal  

8  

Nord-Trøndelag  

5  

Nordland  

9  

Oppland  

6  

Oslo  

20  

Rogaland  

14  

Sogn og Fjordane  

4  

Sør-Trøndelag  

10  

Telemark  

6  

Troms Romsa  

6  

Vest-Agder  

6  

Vestfold  

7  

Østfold  

9  

Valoppgjeret blir gjennomført med ein modifisert versjon av St. Lagües metode, med første delingstal 1,4.

I praksis blir distriktsmandata utrekna ved at stemmene for kvart parti blir summerte innanfor valkrinsen. Deretter blir stemmetala delte på 1,4 – 3 – 5 – 7 og vidare, heilt til det er avgjort kor mange mandat kvar liste skal få. Til slutt har kvart parti eit sett med kvotientar.

Tabell 1: Døme med fire mandat. Mandat 1, 2, 3 og 4. * inneber at partiet fekk mandat.

DELINGSTAL: 

1,4 

3 

5 

7 

PARTIER 

STEMMETAL 

PARTI A 

150 000 

107 142,9* 

50 000,0* 

30 000,0 

21 428,6 

PARTI B 

100 000 

71 428,6* 

33 333,3 

20 000,0 

14 285,7 

PARTI C 

50 000 

35 714,3* 

16 666,7 

10 000,0 

7 142,9 

PARTI D 

10 000 

7 142,9 

3333,3 

2000,0 

1 428 

Det første mandatet går til partiet eller lista med høgast kvotient. Det andre mandatet går til partiet eller lista med nest høgast kvotient. Dette held fram til alle distriktsmandata er fordelte. Dersom to parti eller lister har same kvotient, får det med flest stemmer mandatet. Dersom dei også har like mange stemmer, blir det trekt lodd om kven som får mandatet.

Når distriktsmandata er fordelte og det er klart kor mange mandat kvart parti får, skal dei valde representantane kårast i den rekkjefølgja dei står oppført på vallista. Dette blir formelt gjort av distriktsvalstyra.

Fordeling av utjevningsmandater 

Valgdirektoratet sørger for beregningen av utjevningsmandater. Beregningen av utjevningsmandater gjøres ved å se på hele Norge som ett valgdistrikt. Bare registrerte partier som stiller i alle valgdistrikt og som får minst fire prosent av stemmene, kan få utjevningsmandater. Grensen på fire prosent omtales ofte som sperregrensen

Når det skal avgjøres hvor mange utjevningsmandater hvert parti skal ha, skjer dette gjennom flere beregninger. 

Først beregnes det hvor mange utjevningsmandater hvert parti som kom over sperregrensen skal ha. Dette gjøres ved å fordele alle de 169 mandatene på nytt, men med hele landet som én valgkrets. Fordelingen skjer igjen med Sainte-Laguë med 1,4 som delingstall. 

Antallet mandater partiene får i denne nye fordelingen, sammenlignes med antallet distriktsmandater de allerede har fått. Forskjellen mellom disse to tallene utgjøres antallet utjevningsmandater partiet skal ha. Hvis ett eller flere partier allerede har flere mandater enn den nye fordelingen viser, gjøres beregningen på nytt uten dette eller disse partiene. 

Neste steg er å avgjøre i hvilket valgdistrikt partiene skal få utjevningsmandatene sine. Dette gjøres ved å beregne en faktor for valgdistriktet, som er antallet gyldige stemmer i distriktet delt på antallet distriktsmandater. For eksempel: hvis det er gitt 100 000 stemmer i valgdistriktet og valgt ti distriktsmandater, blir faktoren 100 000 / 10 = 10 000. 

Deretter brukes antallet stemmer partiene har i valgdistriktet til å avgjøre hvor utjevningsmandatene skal plasseres. Hvis partiet ikke har vunnet noen distriktsmandater, brukes antallet stemmer som det er. Hvis partiet har fått distriktsmandater, skal antallet stemmer divideres med en kvotient som tilsvarer (antallet distriktsmandater x 2) + 1

Heile prosessen blir dokumentert

All oppteljing blir dokumentert i protokollar. Korleis valet er gjennomført i den enkelte kommunen og fylkeskommunen blir dokumentert i protokollar frå vallokala, valstyret og distriktsvalstyret. I tillegg til sjølve oppteljinga går det også fram av protokollane om det har vore hendingar i samband med stemmegiving eller andre forhold som har – eller ikkje har – påverka gjennomføringa av valet.

Protokollane blir signerte av valstyret i kommunen og distriktsvalstyret i fylkeskommunen, og er deira stadfesting på godkjenninga av valet.

Protokollane frå dei ulike valstyra ligg tilgjengelege på www.valgresultat.no.

Val og forhold til straffelova

Straffelova omtalar enkelte forhold knytt til val i §§ 151 til 154. Det er mellom anna ikkje lov med stemmekjøp eller utilbørleg påverknad, stemmesal, urettkomen deltaking i val, eller påverknad av valresultatet.

Sametingsvalet blir gjennomført samtidig med stortingsvalet

Sametingsvalet blir halde samtidig med stortingsvalet. Lurer du på korleis sametingsvalet fungerer? Du finn informasjon på sametinget.no.